Kurs i langeleik ONSDAG

Instruktør: Marit Steinsrud
I Valdres finn vi ein ubroten langeleiktradisjon som går fleire hundreår tilbake. Medan langeleiken tidlegare vart rekna som eit kvinne-instrument, ser vi i dag at han blir teken i bruk i stadig nye samanhengar, av musikarar frå ulike sjangrar som utfordrar både teknikk og spelestil. Jørn Hilme-stemnet er stolt over å løfte fram langeleiken til ein plass i sola, saman med deg!
Marit Steinsrud frå Øystre Slidre, no busett på Gjøvik, vil kurse glade langeleikspelarar i sommar. Marit har vakse opp i ein heim med mykje musikk og har spelt langeleik i store delar av livet sitt. I tillegg til spel frå Valdres, har Marit eit stort utval låttar frå Gjøvikområdet med seg. Kurset passar for alle som spelar, eller har spelt langeleik, og som ynskjer påfyll og inspirasjon til å halde fram.
Temaet for onsdagen er marsjar. Her kan det dukke opp alt i frå Napoleons tilbakemarsj til bruremarsjar.
Fakta:
- Onsdag 9. juli klokka 15.30–18.00
- Pris: 300 kr per dag
Ansvarsfraskrivelse
Kjøpte billettar blir ikkje refunderte. Sjå elles vilkår for kjøpte billettar på www.hilme.no. På fleire av arrangementa er det fotograf til stades. Bilete frå arrangementa blir brukt til promotering av festivalen.