Konsert med Marit Karlberg og Frank Rolland, Hedalen stavkirke

Arrangementsinformasjon

Når marke æ grøn og blomster'n blå

Marit karlberg og Frank Rolland har dukka ned i folkemusikken sine skattekister og funne slåttar på låg bas, grønt og ljøsblått felestille, ballader, viser, salmar og slåttestev som dei vil dele med lyarane. Musikken har vandra i tid og rom, men også funne rotfeste i folkemusikktradisjonane i Hardanger og Valdres. Du får høyre hardingfele og song i solo og samspel, av og til med følgje av langeleik og harmonium. Frank Henrik Rolland, hardingfelespelar frå Hardanger og fylkesmusikar i Hordaland. Læraren hans på hardingfele har vore Knut Hamre, og han har sjølv vore lærar for ei rekkje yngre felespelarar ved musikkskular i Hardanger. Rolland gav ut den første soloplata si i 2008: Hardingfele. Her fordjupar han seg i klassiske slåttar frå Hardanger, som han framfører i presise og nyanserike versjonar. Marit Karlberg har ei av dei mest særeigne kvedarstemmene i Noreg. Ho har sikker stilkjensle, og er kreativ og nyskapande. Ho har bruka mykje tid på å leite i gamle songbøker og arkiv, og har utvikla sin eigen spelteknikk på langeleiken som ho brukar til akkompagnement. Karlberg var med i vokalgruppa Dvergmål (1995 - 2005) og er aktiv med duoen Sudan Dudan i lag med Anders Erik Røine.

Det vil bli vandring på pilgrimsvegen guida av Anne Hilde Øigarden med felles måltid før konserten for dei som ynsker det. Sjå meir info på www.hilme.no

Kyrkjekonserten i Hedalen stavkyrkje er ei årleg hending. Velkommen og god konsert!

Foto: Mette Bleken

folkemusikk
hilme
hilme-stemnet
jørnhilme
jørnhilmestemnet
hedalen

Restriksjoner

Kjøpte billettar blir ikkje refundert.