page view image

Jubileumsmarkering: Olav Moe 150 år

Arrangementsinformasjon
event image

Olav Moe (1872—1960) var ein av dei største kjendisane frå Valdres i si samtid. Det er verdt ei markering!

Han var redaktør, forfattar, politikar, organisasjonsmenneske, gardbrukar, føredragshaldar og storspelemann. Moe turnerte som spelemann og føredragshaldar i godt over 50 år og heldt hundrevis av konsertar i Noreg, Danmark, Tyskland, Sverige og USA. Han sat på Stortinget og var ein feira, men også kontroversiell folketalar. Moe sin karriere inneheld eventyrlege oppturar, men også djupe personlege tragediar. Moe skapte myten om Jørn Hilme og er såleis ideolog bak heile stemnet. I denne konserten markerer vi 150-årsjubileet hans med spel og soger frå det rike livet hans. Produsentar og programleiarar for markeringa er Henning Andersen og Kjellbjørn Karsrud. 

Billett til jubileumsmarkeringa gjev tilgang berre til konserten. Ynskjer du å få med deg resten av sommarkvelden på Valdres Folkemuseum, kan det løne seg å kjøpe kveldspass. Det gjer du her!

Medverkande:
Henning Andersen, hardingfele
Håkon Asheim, hardingfele
Kjellbjørn Karsrud, hardingfele
Sivert Holmen, hardingfele
Syver Rolandsgard Hauge, hardingfele

#hilme
#jørnhilmestemnet
#folkemusikk
#folkedans
#vnk
#visitvaldres
#valdres
#olavmoe
#valdresmusea

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar blir ikkje refunderte. Sjå elles vilkår for kjøpte billettar på www.hilme.no. På fleire av arrangementa er det fotograf til stades. Bilete frå arrangementa blir brukt til promotering av festivalen.