page view image

Hilme 25: "Memento Mor di" med Åsgårdsreia teaterlag

«Memento Mor di» er eit musikalsk teater om dei som reiste frå alt; somme med hjarta fylt av eventyrlyst, andre av sorg, somme med bitterheit. Alle med håp. Velkomne til premierevisning på dette nyskrivne stykket!

Informasjon
event image

Marit og Andris kjem frå kvar sin utkant i Valdres og møtest på Bragernestorget våren 1851. Vi følgjer dei eit stykke på reisa over eit hav av draumar og kanalar av tvil, der døden rår seg sjølv og livet lever.

Teateret er ein del av utvandrarjubileet som markerer 200 år sidan utvandringa til Amerika starta.

Åsgårdsreia teaterlag har tidlegare sett opp framsyninga «Eg er Tølleiv», basert på Kjørstaddrapet, med premiere på Hilme i 2023. Teaterlaget vil, med utgangspunkt i lokale krefter, vekke til live dei gode historiene frå lokalhistoria vår i Valdres.

Cato Skimten Storengen er fødd i Valdres og har stor tilknyting til regionen. I 2004 var han ferdig utdanna ved Statens teaterhøgskole, og etter det har han vore fast tilsett ved Rogaland Teater. Han var òg med på å starte friteatergruppa Statsteatret i 2011.

Anne Heidi Kvam Hillestad frå Vang i Valdres har utdaning i musikkteater frå Høyskolen Kristiania i tillegg til at ho har dansa folkedans og spelt munnharpe frå tidlege barneår. Ho er kjend for mange frå spel som «Sol av Isfolket» og «Riddarspranget».

Kasper Dyve er ein ung musikar frå Bagn i Valdres, han trakterer fleire strengeinstrument og har samarbeidd med ei rekkje musikarar. I Valdres er det mange som kjenner han frå dei populære julekonsertane «Jul med Valdresmål – og meining».

Manusforfattar Alice Gudheim er utdanna tekstforfattar frå Westerdals Reklameskole. Ho har arbeidd som journalist og skribent over fleire år og har mellom anna skrive fleire scenetekstar, manus og artiklar.

Ragnhild Lund er busett i Vang i Valdres og har ei innhaldsrik teaterkarriere bak seg. Ho er primus motor bak det nystarta valdresspelet Dronningemne og i Åsgårdsreia teaterlag har ho regien.

I hovudrollene:Cato Skimten Storengen og Anne Heidi Kvam Hillestad
Musikar: Kasper Dyve
Regi: Ragnhild Lund
Manus: Alice Gudheim

Foto: Ola Gudheim/Valdres Folkemuseum

#jørnhilmestemnet #hilme #folkemusikk #folkedans #teater #valdres #festival

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar blir ikkje refundert. Sjå elles vilkår for kjøpte billettar på www.hilme.no. På fleire av arrangementa er det fotograf til stades. Bilete frå arrangementa blir brukt til å promotere festivalen.