Hilme-26 «På sporet av Hilme og Lurås», Tisleidalen kyrkje
Hardingfelespelar Sivert Holmen legg ut på ny vandreturné sommaren 2026. Turnéen er inspirert av to hardingfelelegender og vandrepionerar, Knut Lurås (1782 1843) og Jørn Hilme (1778–1854), og ruta går frå Luråsgrend i Tinn til Fagernes i Valdres.
Langs den om lag 200 kilometer lange ruta blir det åtte konsertar, og i Tisleidalen kyrkje kan de vere med på konsert nummer sju. Kvar konsertplass får sin unike konsert med lokale låttar, musikalske forbindelsar mellom den aktuelle staden og Lurås/Hilme, og improvisasjon over dagens vandring. På konserten i Tisleidalen kykje vil Sivert ha med seg Silje Risdal Liahagen frå Hallingdal. Kanskje vil det også dukke opp nokre elevar frå Strunkeveko også? Den som kjem får sjå.
Temaet for denne konserten blir stølsliv. Musikarane vil mellom anna ta oss med på lokk, leik og møte rundt Vasetdansen. Velkomen til Tisleidalen kyrkje og ein heilt unik konsert!
Prosjektet er støtta av Kulturrådet.
Medverkande:
Sivert Holmen, hardingfele
Silje Risdal Liahagen, vokal
Foto: Jørn Ranum
For meir informasjon om vandreturneen, sjå heimesidene til Sivert.
Ansvarsfraskrivelse
Kjøpte billettar blir ikkje refundert. Sjå elles vilkår for kjøpte billettar på www.hilme.no. På fleire av arrangementa er det fotograf til stades. Bilete frå arrangementa blir brukt til å promotere festivalen.