Hekla Stålstrenga på Jaslangen

Arrangementsinformasjon

Velkomen til ein framifrå kveld på Jaslangen i Vestre Slidre! 

Scena er midt blant lyng og vier i eit av dei flottaste fjellområda i dalføret vårt. Hekla Stålstrenga er ei energisk musikalsk oppleving du ikkje vil gå glipp av! Bandet kjem frå Nordnorge og har dei siste åra turnert landet ikring for fulle hus. Dei har fylt Operaen i Oslo, er nominert til spellemann fleire gonger og er stadig å sjå og høyre på radio og TV. Hekla har fleire plateutgjevingar bak seg og kan skilte med utsolgt juleplate i 2017. Hekla består av fem etterspurde musikarar, Ragnhild Furebotten, Ole-Jakob Larsen, Anne Nymo Trulsen, Trond-Viggo Solås og Tore Bruvoll.

 Frå Fagernes køyrer du E16 til Ulnes, ta av til Vaset og følg skilting til Jaslangen. Turen tek ca 50 minutt. 

Vi oppmodar elles alle til samkøyring. Hugs også varme klede, sitjeunderlag og regnjakke. God tur til fjells! Ta buss til Jaslangen? Bussbillettar blir lagt ut ila våren.


Foto: Knut Aaserud

jørnhilme
jørnhilmestemnet
folkemusikk
hilme
hilme-stemnet

Restriksjoner

Konsertarenaen ligg i eit nydeleg fjellområde som vi må ta best muleg vare på. Vi oppmodar til samkøyring og bruk av festivalbuss. Hugs også varme klede, sitjeunderlag og god jakke.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar blir ikkje refusert. På fleire av våre arrangement er det fotograf tilstades, fotoa blir brukt til promotering av festivalen.