Fredagkveld på museet 2018: Dans og konsertar

Arrangementsinformasjon

Lom toradergruppe, konsertar, Jørn Hilmes-polkapris og bygdedans. På Valdres Folkemuseum på Fagernes er det tradisjonen tru dans på «hundre golv» til ypparleg dansespel.

Valdres Folkemuseum er eit av dei største friluftsmusea i landet med fleire hundre gamle hus og bygningar. På museet kan du vandre frå stove til stove og oppleve gamaldans og bygdedans frå ulike distrikt. I lyset frå flakkande stearinlys kan du høyre landets beste spelemenn og -kvinner og sjå dans som får dei gamle tregolva til å huske. Nett desse inntrykka er noko av det som gjer Jørn Hilme-stemnet unikt, annleis og som lokkar publikum tilbake år etter år.

Velkomen - med og utan dansesko!

folkemusikk
valdres
jørnhilme
jørnhilmestemnet
hilme
hilme-stemnet

Restriksjoner

Kjøpte billettar blir ikkje refusert.