page view image

Folkemusikalsk busstur

Arrangementsinformasjon
event image

Busstur rundt Strøndafjorden med Henning Andersen og Kjellbjørn Karsrud.

Foto: Eva Karlsson

Spelemennene Henning Andersen (f. 1677) og Kjellbjørn Karsrud (f. 1813) har samanlagt brukt over eit halvt hundreår på å leite i alle krikar og krokar etter tradisjonsstoff frå Valdres. Kva skjer når dei skal saumfara sin eigen heimkommune etter låttar og spelemannshistorier? Karsrud, Andersen og Jørn Hilme-stemnet inviterer i år til kulturhistorisk busstur til utvalde spelemannsheimar i Nord-Aurdal. Kor budde eigentleg Ulrik i Jensestogun? Kor kom Bendik i Nø’n frå, og korleis ser det ut i Viken hjå gamle Ragnhild?

Henning Andersen frå Aurdal i Valdres har gått i lære hjå ei mengd felespelarar i Valdres, mellom andre Trygve Bolstad, Harald Røine og Andris A. Dahle. I dag jobbar han mykje med klokkelåttane i Valdres, låttematerialet etter Ulrik i Jensestogun og runddanstradisjonane i Valdres. Kjellbjørn Karsrud er frå Leira i Valdres, busett i Lom. Han er ein god, gamaldags folkemusikknerd, med oversikt over det meste av låttar, spelemenn og kappleiksresultat. Til dagleg jobbar han som lektor i filologiske fag ved Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule.

Under turen blir det servering av mat og drikke!

Medverkande:
Henning Andersen
Kjellbjørn Karsrud

#hilme
#jørnhilmestemnet
#folkemusikk
#folkedans
#nordaurdal
#vnk
#visitvaldres
#valdres

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar blir ikkje refunderte. Sjå elles vilkår for kjøpte billettar på www.hilme.no. På fleire av arrangementa er det fotograf til stades. Bilete frå arrangementa blir brukt til promotering av festivalen.