page view image

Festivalpass – Jørn Hilme-stemnet 2022

Arrangementsinformasjon
event image

Festivalpasset gjev deg fri inngang på kappleiken, alle konsertar og sommarkveldane på Valdres Folkemuseum frå og med onsdag 13. juli til og med sundag 17. juli. 

Foto: Anne-Marte Før 

Festivalpasset gjev deg fri inngang på kappleiken, alle konsertar og sommarkveldane på Valdres Folkemuseum frå og med onsdag 13. juli til og med sundag 17. juli. Kjøpt festivalpass må bytast i armband på festivalkontoret på Valdres Folkemuseum i festivalveka. 

Inne på museumsområdet er det ei rekke aktivitetar og konsertar på kveldstid torsdag, fredag og laurdag. Her er det fyrstemann til mølla-prinsippet som gjeld. Difor er det viktig at du er ute i god tid! Til to konsertar er det lurt å tinge ein plassreservasjon dersom du ynsker å sjå desse. Dette gjer du ved å tinge billettane som heiter festivalpass-reservasjon. Du får ein promokode etter at du har kjøpt festivalpass som du bruker til dette. Dette gjeld konsertane 1) Brigde Letene i Kulturhuset torsdag kveld og 2) Gjertruds Sigøynerorkester i Aurdal kyrkje onsdag kveld. Ta med deg både reservasjonsbilletten og festivalpasset på konsertane. Reservasjonsbilletten er ikkje gyldig utan eit festivalpass.

#hilme
#jørnhilmestemnet
#folkemusikk
#folkedans
#vnk
#visitvaldres
#valdres

Restriksjoner

Kjøpt festivalpassbillett må bytast i armband på festivalkontoret på Valdres Folkemuseum i festivalveka.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar blir ikkje refundert.