Dans og konsertar – heile kvelden! / Valdres Folkemuseum

Arrangementsinformasjon

Østerdølenes spelemannslag, Ole Nilsen og Ole Erik Feragen, konsertar, og bygdedans. På Valdres Folkemuseum på Fagernes er det tradisjonen tru dans på «hundre golv» til ypparleg dansespel.

Valdres Folkemuseum er eit av dei største friluftsmusea i landet med fleire hundre gamle hus og bygningar. På museet kan du vandre frå stove til stove og oppleve gamaldans og bygdedans frå ulike distrikt. I lyset frå flakkande stearinlys kan du høyre landets beste spelemenn og -kvinner og sjå dans som får dei gamle tregolva til å huske. Nett desse inntrykka er noko av det som gjer Jørn Hilme-stemnet unikt, annleis og som lokkar publikum tilbake år etter år.

Velkomen - med og utan dansesko!

folkemusikk
valdres
jørnhilme
jørnhilmestemnet
hilme
hilme-stemnet

Restriksjoner

Kjøpte billettar blir ikkje refusert.