page view image

Ævestaden

Arrangementsinformasjon
event image

Poesien leitar etter det som har utstråling, skriv Adam Zagajewski. Kanskje er det slik også med musikken?

Foto: Johannes Selvaag

Ævestaden flettar tonar på saumlaust vis: lyre, fele, munnharpe, langeleikar, kantele, vokal og elektronikk. I skjeringa mellom tradisjonell folkemusikk og nyskapande musikk skapar dei nye univers, nye klangar, mellom det sakrale og det verdslege, mellom det tilfeldige og det medvitne, mellom harmoni og disharmoni.

Den norsk-svenske gruppa har på kort tid markert seg som ei av dei mest nyskapande folkemusikkgruppene i landet. Trioen består av multiinstrumentalistane Eir Vatn Strøm, Levina Storåkern og Kenneth Lien. Ævestaden debuterte med albumet Ingen mere gråter på Heilo i 2021, som dei fekk Folkelarmprisen for. Bandnamnet er henta frå Magnus Ullelands nynorske omsetting av Dantes Den guddommelige komedie, og er eit uttrykk han brukar om helvete.

Billett til konserten gjev tilgang berre til konserten. Ynskjer du å få med deg resten av sommarkvelden på Valdres Folkemuseum, kan det løne seg å kjøpe kveldspass. Det gjer du her!

Medverkande:
Kenneth Lien, kraviklyre, munnharpe, langeleik, fele, vokal
Levina Storåkern, fele, kantele, vokal, live-elektronikk, langeleik
Eir Vatn Strøm, vokal, kraviklyre, live-elektronikk, synth

#hilme
#jørnhilmestemnet
#folkemusikk
#folkedans
#ævestaden
#vnk
#visitvaldres
#valdres

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar blir ikkje refunderte. Sjå elles vilkår for kjøpte billettar på www.hilme.no. På fleire av arrangementa er det fotograf til stades. Bilete frå arrangementa blir brukt til promotering av festivalen.