Language
Help
© TicketCo AS 2024.
Legal terms for ticket buyers
Legal terms for organizers.
Instruktør: Isa Holmgren
Foto: Cathrine Dokken
Songen har vandra i tusenvis av år, kryssa hav og landegrenser, snirkla seg ned i dalar og fjordarmar. Songar med særeigne historier, skeive tonar og krullingar har overlevd i stemmebanda til dei som syng, generasjon etter generasjon. På dette kurset vil du få betre kjennskap til korleis songen også har vore nytta til dans.
Isa Holmgren er ein svensk songar og dansar, no busett i Oslo. Ho er i desse dagar aktuell med plata "Dans med deg", som er ei plate med slåttetralling. Ho har fordjupa seg i dansemusikken frå Finnskogen og vestre Värmland. På dette kurset vil det bli fokus på teknikk, repertoar og korleis ein kan kommunisere med dansarane. Det vil også bli høve til å lytte til ulike opptak og samtale om stil og uttrykk.
Velkomen på kurs!
Fakta: