Kurs i fele ONSDAG

page view image
Event date

Wednesday 9 Jul 2025 15:30

Ends Wednesday 9 Jul 2025 18:00
order

Available items

Kurs i fele ONSDAG
event image

Event information

Instruktør: John Ole Morken

Vanleg fele og hardingfele har levd side om side i den norske folkemusikken. Vi er svært glade for at John Ole Morken frå Ålen i Holtålen kommune i Sør-Trøndelag, no busett på Revetal i Tønsberg kommune, vil vere instruktør på dette kurset. Morken har musikkutdanning frå NTNU i Trondheim, og Ole Bull Akademiet på Voss. Han er ein mykje nytta pedagog og kurshaldar, og det er sikkert mange som har høyrt han som programleiar for Folkemusikktimen på P2. Morken har fordjupa seg i feletradisjonen frå Rørostraktene, håpar mange stemmer fela og melder seg på kurs!

Temaet for onsdagens kurs vil vere svenskleka med fokus på møte med polsen. Røros grensar mot Sverige, og mykje av musikken har vandra både att og fram over grensa. Dette kurset passar for deg som kan spele på fele, men du treng ikkje vere på eit vidaregåande nivå. 

Fakta:

  • Onsdag 9. juli klokka 15.30–18.00
  • Pris: 300 kr

Waiver

Kjøpte billettar blir ikkje refunderte. Sjå elles vilkår for kjøpte billettar på www.hilme.no. På fleire av arrangementa er det fotograf til stades. Bilete frå arrangementa blir brukt til promotering av festivalen.

Tags

#folkemusikk
#folkedans
#jørnhilmestemnet
#hilme
#valdres
Organizer
Jørn Hilme-stemnet