Help
© TicketCo AS 2025.
Legal terms for ticket buyers.
Legal terms for organizers.
Heimlengsel – kan du kjenne att den kjensla? Kanskje har du vore så lenge borte heimanfrå at du kjenner det i heile deg, at no vil du heim. Sjå for deg at du har reist heilt til Amerika, har vore der i fleire år og veit at truleg aldri skal reise heim igjen? Kva kan du då finne på for trøyste deg med?
For 100 - 200 år sidan reiste nesten ein million nordmenn til Amerika for å få et betre liv enn det de hadde i Noreg, og dei fleste kom aldri til heimlandet att. Nokon av dei hadde med seg hardingfeler, og musikken og historiene frå Noreg gav dei nok god trøyst når dei lengta heim. Tre av dei kom frå Valdres: Oscar Hamrey, Bendik i'Nøn og Trond Eltun.
Oscar var så god at når han spelte på kappleik trudde ikkje folk sine eigne øyrer! Bendik var så fattig at han ikkje hadde råd til å kjøpe ei fele, men då bygde han like gjerne sin eiga. Trond reiste samanhengande på turné i USA i over tjue år - utan å ha ein eigen stad å bu!
Framsyninga er laga av og Magnus Wiik, produsert av Vegar Vårdal samen med LilleRIKSEN med originalmusikk av Magnus.
Laura Ellestad - hardingfele, song
Magnus Wiik - gitar, banjo, fele, munnharpe, song
Velkommen til den spennande familieframsyninga om «Jakten på Amerika
Inngang:
Kr 250 for ordinær billett
Kr 50 (UngINN) 13-21 år
Gratis for dei under 13 år
Billettar: hilme.ticketco.events eller i døra
Arrangementet er støtta av Innlandet fylkeskommune, «Migrasjon og identitet» – utvandrermarkeringen 2025.
Arrangørar: Hilme året rundt