Stølseventyr med lokkekurs, stølskost og konsert
I sommar kan du vere med på eit ekte stølseventyr på vakre Olestølen i Øystre Slidre kommune!

Foto: Skimakern og budeia
I desember 2024 vart stølskulturen lista på UNESCO si verdsarvliste over immateriell kulturarv, og Valdres blir rekna for å vere tyngdepunktet i stølsriket. Ved Olevatn i Øystre Slidre kommune finn vi budeia Kathrin Aslaksby og geitene hennar. Kathrin og mannen Thomas driv ein økologisk geitegard i den velse bygda Dale. Kvar sommar reiser dei til fjells med geitene sine, og no kan du vere med!
Pedagog, tradisjonsbærar og folkemusikar Karin Kolterud vil lære bort lokking til nysgjerrige kursdeltakarar. Ho er sjølv tradisjonsbærar etter bestemor si Anne Kolterud frå Etnedal, og har også nytta lokking som ein reiskap til mindfulness. Ein treng ikkje erfaring frå song eller lokking for å vere med, kurset blir tilpassa deltakarane.
Budeia vil by på ein nydeleg lunsj med ureist mat frå stølen og garden, og dagen rundast av med ein eksklusiv konsert med kvedarane Marit Karlberg og Øyonn Groven Myhren.
Vel møtt til ein innhaldsrik dag i eit levande stølslandskap!
Medverkande:
Karin Kolterud
Kathrin Aslaksby
Marit Karlberg
Øyonn Groven Myhren
Praktisk info:
Hugs gode klede, Olestølen ligg 1.000 meter over havet, og kan by på friske temperaturar sjølv sommarstid.
Vegbeskriving:
Frå Fagernes køyrer du fylkesveg 51 (Bygdinvegen) i 33,7 km, så tek du til høgre inn på Olevegen og følgjer denne i 8 km.
Olevegen er bomveg (70 kr), og vi oppmodar til samkøyring. Det er også fint og sykle innover på stølsvegen
Påmeldingsfrist: 1. juli
Waiver
Kjøpte billettar blir ikkje refunderte. Sjå elles vilkår for kjøpte billettar på www.hilme.no. På fleire av arrangementa er det fotograf til stades. Bilete frå arrangementa blir brukt til promotering av festivalen.