page view image

Kurs i folkesong TORSDAG Hilme-26

Information
event image

Instruktør: Kirsten Bråten Berg 

Songen har vandra i tusenvis av år, kryssa hav og landegrenser, snirkla seg ned i dalar og fjordarmar. Songar med særeigne historier, skeive tonar og krullingar har overlevd i stemmebanda til dei som syng, generasjon etter generasjon. På kurset vil du få betre kjennskap til den tradisjonelle songstilen og kan sjølv bli ein del av den lange lekkja som ber songen vidare!

Vi er svært glade for at sjølvaste Kirsten Bråten Berg kjem for å halde kurs på Hilme. Kirsten Bråten Berg er kjend frå ei rekkje samarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Mellom mykje anna er det Kirsten Bråten Berg som er stemma frå dei legendariske bestillingsverka «Sagn» og «Arv». Til Hilme kjem ho med eit godt knippe tonar frå Setesdal og Agder. Desse kursa passar for alle som har interesse for song. Ta med deg noko å skrive med og på.

Temaet for kurset på torsdag er middelalderballader.

Velkomen på kurs!

Fakta:
Torsdag 9. juli klokka 15.30–18.00

Foto: Gorrlaus

#folkemusikk #folkedans #jørnhilmestemnet #hilme #valdres

Waiver

Kjøpte billettar blir ikkje refunderte. Sjå elles vilkår for kjøpte billettar på www.hilme.no. På fleire av arrangementa er det fotograf til stades. Bilete frå arrangementa blir brukt til promotering av festivalen.