Hilme-26 «La Folia di Setra», Mari Askvik og SØLV
La Folia di Setra er eit møte mellom mezzosopran og folkesongar Mari Askvik og barokkensemblet SØLV, der norsk setertradisjon får spegle seg i europeisk barokkmusikk. Programmet hadde premiere i 2025 og no kjem dei til Valdres og Hilme!
Tittelen er ein norsk italiensk ordleik som peikar på livet og mylderet på setra – der song, lokk og rytmar alltid har vore ein naturleg del av kvardagen. I Norge står denne tradisjonen framleis sterkt, med ei ubrutt muntleg overlevering som skil seg frå mykje av den europeiske musikkhistoria. Samstundes finn vi spor av natur, pastorale motiv og gjeterliv hos mange barokkomponistar. Slik møter dei ulike tradisjonane kvarandre i dette programmet – fritt, leikande og grenselaust.
Mari Askvik vekslar mellom geitelokk, kveding, barneleikar og barokkarier, medan SØLV løfter fram musikk inspirert av både italienske gjetermarker og franske hoffmiljø. Når Vivaldis La Follia flettast saman med norske folkemelodiar, oppstår ei ny og overraskande samklang som gjer det kjende verket til noko heilt anna.
I konserten får vi òg høyre Huset og fuglen av komponist og folkemusikar Nils Økland, skrive spesielt for Ensemble SØLV. Stykket kombinerer naturmotiv, folkemusikalsk tonespråk og bruken av hardingfele og det nyutvikla instrumentet hardinglutt, og er – i god norsk tradisjon – overlevert ensemblet munnleg av komponisten sjølv.
Mari Askvik har røter i folkemusikken frå Indre Sogn og Nordhordland. Ho har Statens Kunstnarstipend for å integrere folkemusikk i sitt virke som klassisk songar og har dei siste åra medverka ved ei rekke prestisjefestivalar og internasjonale konsertscener.
Barokkensemblet SØLV debuterte i 2024. Med sin særprega klang frå viola d’amore, gambe og lutt utforskar dei repertoar frå renessansen til klassisismen, og har raskt etablert seg som eit av dei mest spennande norske tidlegmusikkensembla.
Vel møtt til ei bergtakande festivalopning!
Medverkande:
Mari Askvik: Song
Ingrid Økland: Viola d‘amore/fiolin
Mari Giske: Viola d‘amore/bratsj
Gunnar Hauge: Gambe/cello
Thomas Boysen: Lutt
Foto: Ingvild Festervoll Melien
Waiver
Kjøpte billettar blir ikkje refundert. Sjå elles vilkår for kjøpte billettar på www.hilme.no. På fleire av arrangementa er det fotograf til stades. Bilete frå arrangementa blir brukt til å promotere festivalen.